Haust er årstida som dannar overgangen frå sommar til vinter, solvarmen er minkande og temperaturen synkande. Kveldane blir mørkare er det tid for innekos og god, sunn mat. Då er det aldri feil med varm fiskesuppe på ein hustrig haustdag.

Suppe er allsidig mat og oppskrifta i dag er klassisk fiskesuppe der du kan velje din favorittfisk enten det er hyse, torsk eller steinbit. Det finnast ingen fasit på den perfekte suppe og du kan sjølvsagt velje både sjømat og grønsaker etter din eigen smak. Lag gjerne dobbel eller trippel porsjon av fiskesuppa. Med suppe til overs, kan du fryse vekk i porsjonar eller bruke den til ein perfekt til restemiddag neste dag. Avkjøl suppa på kjøkkenbenken, sett den deretter i kjøleskapet i nokre timar før du frys den. Då unngår du iskrystallar i fiskekjøtet. Husk at varm suppe alltid skal serverast i varme tallerkar!

Ingrediensar til 4 porsjonar

200 g hyse, torsk eller steinbitfilet

2 stk gulrot

1 skive sellerirot

1 stk persillerot

1 ss smør

2 ss kveitemjøl

1 l fiskekraft

½ stk sitron

1 ts karri

¼ ts kajennepepar

2 stk eggeplomme

1 dl kremfløyte

salt

frisk graslauk

Tilbehør

brød

Framgangsmåte

Skjer fisken i terningar og halvparten av gulrøtene i tynne strimlar.

Skjer sellerirot, persillerot og resten av gulrota i små terningar.

Smelt smør, rør inn mjøl og spe med fiskekraft til ei klumpfri suppe.

Tilsett grønsaksterningane og kok suppa i ca. 15 minutt.

Ta grønnsakene ut av suppa.

Press saft av sitron og rør saman karri, kajennepepar, eggeplomme og kremfløyte.

Rør blandingen inn i suppen og gi den et raskt oppkok under omrøring.

Tilsett fisk og gulrotstrimler, og la suppa trekke til fisken er ferdig, ca. 5 minutt.

Smak til med salt.

Server fiskesuppa med graslauk dryssa over, og med godt brød ved sidan av.

Klassisk fiskesuppe som varmar. Foto: Norges Sjømatråd, Synøve Dreyer.