Kari Riise (52) sit i programnemnda saman med Hans Otto Øvrelid.

– Eg fann inga god orsaking for å seie nei. Hareidsstemna er som ein dugnad, det er kvar sin gong, alle må bidra, seier Riise, og viser til at ho ikkje lenger er engasjert i korpset og friidrettsgruppa på Hareid.

Lokalavisa møter henne heime på Holstad. Tungt regnvêr gjer at Laurdagspraten må takast i stova og ikkje langs Rotarystien.

– Det passar eigentleg bra, for sjølv om eg er glad i å vere ute, likar eg meg best her i sofaen med ei bok under eit pledd, ler ho, som ikkje vil vere med på at ho er stemnegeneral for Hareidsstemna 2017.

– Frå gamalt av har den rolla eg har vorte kalla stemnegeneral, men det står ikkje nedskrive nokon stad, seier Riise.

Knust ankel

Kari Riise vaks opp i sentrumskrinsen Gjerde, midt i ein søskenflokk på tre. Ho er fødd 30. desember i 1964 og har gått på skule saman med 1965-kullet. Som 16-åring vart ho kjæraste med fem år eldre Einar-Johan Elvanes. Dei bur i dag i huset til besteforeldra hans, og sønene har vorte 19, 22 og 24 år.

– Eg er som sagt glad i å vere ute. Eg likar å gå på fjellet og å gå på ski. Favorittfjellet er utan tvil Holstadhornet, seier ho. I området der har ho hytte saman med veslebror Anders.

Men ho stilar også mot høgare fjell: i januar i år skulle ho og ein gjeng venninner reise til Tanzania og klive opp på Kilimanjaro. Men eit uhell i Mørdarebakken i Ulsteinvik i november knuste både ankelen og draumen om Kilimanjaro.

– Heldigvis hadde eg med eit par venninner som ringde etter hjelp. Det vart nokre veker med gips og krykker. No er eg betre, men eg merkar at eg slit litt med balansen. Eg har ikkje vore på hytta ved Holstadhornet sidan ankeluhellet, det er eit sakn, fortel Riise.

Glad i jobben

Kari Riise er utdanna cand.mag. med fag frå Universitetet i Trondheim og distriktshøgskulen i Volda. Den første jobben hennar var som kommuneplanleggar i Flekkefjord. Seinare arbeidde ho i Statens Lånekasse i Ørsta, på trygdekontoret i Ulstein og trygdekontoret og seinare NAV i Ålesund. I dag er Kari Riise personalleiar i Ulstein kommune.

– Eg har alltid levd meg inn i og gitt mykje av meg sjølv på jobb. Og så vert eg så inderleg glad i kollegaene mine og menneska eg møter gjennom arbeidet, fortel ho.

Korleis vil du skildre deg sjølv?

– Eg er litt lat, eigentleg. Eg er effektiv når eg først gjer noko, men eg likar ikkje å styre mykje for lite. Eg anstrenger meg fint lite for å imponere andre, eg kjenner ikkje noko press på å vere annleis enn eg er, seier ho.

Einar-Johan kjem innom stova og Kari spør han korleis han vil skildre henne.

– Kjekk, søt og snill, kjem det kjapt frå ektemannen.

Ho påstår at ho er lat, stemmer det?

– Nei, ja, tja, det er vel litt sånn dørstokkmila når ho skal ut, ja.

– Absolutt, eg kan gje eit ansikt til dei som likar seg i sofaen med pledd og ei bok og ikkje skulle noko, så eg har nok vorte veldig glad i dagar utan program, seier ho.

Oppvaksen med Hareidsstemna

Men dagar med program vert det mange av under Hareidsstemna, som tradisjonen tru vert arrangert i veke 42.

– Eg er glad i Hareidsstemna, eg hugsar frå barndomen at folk tok på seg bunad på stemnefesten. Eg er ein god tilskodar til det som skjer på kulturfronten, og er glad i musikk, litteratur og fleirstemt song, fortel ho.

Trur du de treff blink med årets program for Hareidsstemna?

– Ja, eg er oppteken av at vi skal vise fram eit mangfald. I tillegg til den tradisjonsrike stemnefesten skal til dømes Sans Pub, mållaget og kyrkja ha arrangement. Og eg gler meg veldig til å høyre Bjørn Tore Øvrelid, som rappar på brei hareidsdialekt og kjem med ganske kraftige meldingar i tekstane sine.

Men kva er det med deg og Ketil Bjørnstad, eigentleg?

– Han har både litterære og musikalske innslag, og eg «møtte» han første gong då eg las ei av bøkene hans på vidaregåande. Seinare har eg lese fleire bøker og høyrt på musikken hans, så eg gler meg skikkeleg til å høyre han live, seier Kari Riise.

Les meir om Hareidsstemna 2017: