Are Pilskog og Blåst Film har atter fått ein pris for filmen "Havets sølv". Denne gongen får Pilskog "Sildelagets markedspris" for filmen om den norske NVG-silda - ein film som følgjer silda frå gytinga på Mørekysten til vandringa langs kysten og ut i havet.

Norges Sildesalslag melder om tildelinga på nettsida si.

700.000 sjåarar fekk med seg filmen då han gjekk på NRK i 2012. Etter det har han vunne fleire prisar i inn- og utland.

Filmen tok over fire år å lage.

Are Pilskog, som er frå Hjørungavåg men no bur på Leikong, har i tillegg til utdanning innan film og pedagogikk også ein master i økologi - med fordjuping i atferds- og landskapsøkologi.