For første gong på tjue år har Hurtigruten valt å endre ruteplanane sine. I perioden 1. september til 31. oktober neste år vil selskapet tilby eit "Autumn Gold"-konsept frå Ålesund til Urke i Hjørundfjorden.

Hurtigruten testa ut Hjørundfjorden med 11 turar no i haust. Det var så vellykka at den vakre "avstikkaren" blir fast frå neste haust av.

Det var til Hjørundfjorden cruiseskipa gjekk i turismens unge dagar her i landet.

I samband med ilandstigning på Urke vil passasjerane få tilbod om utflukta "Et lite stykke Norge" til Norangsdalen, eit av dei villaste og trongaste dalføra i landet. På denne turen er eit måltid på det historiske hotellet Union på Øye ein del av pakken.

Hurtigrute-skipet vil gå frå Ålesund klokka 09.30 i heile september og oktober - og når Urke i Norangsfjorden klokka 11.30 - og blir liggande i tre og ein halv time. Deretter startar tilbaketuren mot Ålesund klokka 15.00 - og skipet er tilbake ved kaia der klokka 17.30.