– Men kor i svarte skal vi sette korset?

Knut Falk klør seg i hovudet og spør dei andre medlemmane i Hareid Lions om råd.

Gjengen har den siste tida snikra saman heilt nye benkar til den komande gudstenesta på Alskleiva 26. august. Når Vikebladet Vestposten møter karane er dei i gang med å lage preikestolen, eller «danseplatten til Leidulv Grimstad», som Falk spøkefullt kallar det. Men no er han i tvil om kvar korset skal stå. Etter litt diskusjon går dei for å setje korset litt ved sida av presteplatået.

Utsikta frå Alskleiva er det lite å utsetje på, der vi ser utover den skimrande Vartdalsfjorden med fjell på alle kantar.

Monumentalt arbeid

Det er tradisjon at Hareid kyrkjelyd har friluftsgudsteneste på Alskleiva, men det er først i år at tilhøyrarane kan slite benken framfor å setje seg ned i lyngen. 18 benkar har det blitt, som skal stå her permanent, som eit monument.

Hareid og Ulstein Lions er ei lita arm i ein verdsomspennande organisasjon som arbeider med samfunnsnyttige føremål. Og då Hareid kyrkjekontor og Frivilligsentralen trong hjelp til å lage benkar, var derfor ikkje gjengen vonde å be.

Arve Jensen tok ansvaret med å felle tre fram Ulset, som sidan blei tørka og kløyvd, før dei etter litt meir handverk har blitt til kyrkjebenkar.

Sosialt fellesskap

Kameratskapet blant arbeidarane blomstrar ute i naturen. Termosen er med, og den vennskaplege kjeklinga er aldri langt unna. Det sosiale, samt kjensla av å vere til nytte, er mykje av grunnen til at gjengen har brukt fleirfaldige friviljuge timar på å lage benkar til friluftsgudstenesta.

– Har vi battervinkelsliparen?, spør Knut Falk.

Vi står og ser på ein benk som treng litt meir kjærleik før han er ferdig. Nokre spikrar manglar også, både på «danseplatten til Leidulv Grimstad» og nokre av benkane. Men når gudstenesta finn stad i slutten av august, lovar gjengen at alt er klart. Kors på halsen.