Frå og med torsdag denne veka vil du ikkje få påminning om legetimen din på sms. Det skriv Herøy kommune på nettsida si. Dataleverandøren skal ha brote med sms-leverandøren sin. Det fører til at alle planlagte sms-ar frå midnatt natt til torsdag ikkje blir sendt ut.

Dette gjeld dei offentlege legekontora på Ytre Søre Sunnmøre.

Fungerande kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde i Ulstein kommune seier det kjem til å gå minst to veker før dei har på plass eit system for sms.