Politiet har bøtelagt ein mann, busett i Ulsteinvik, for å ha brote besøks- og kontaktforbodet mot si tidlegare kone.

Tidleg i juni fekk mannen forbod mot å oppsøkje og på nokon måte kontakte kvinna i eit år framover.

Ifølgje politiet skal han ha oppsøkt bustaden til kvinna og banka på døra i slutten av juni.

Nokre dagar seinare skal han ha ringt henne.

Mannen har fått ei bot på åtte tusen kroner.

Bota er ikkje betalt og saka må difor behandlast i Sunnmøre tingrett i starten på oktober.