Det er Brandal Vel, Brandal IL og Ishavsmuseet som arrangerer Brandalsdagane i fellesskap. Ekstra spesielt var det i år, då Brandalsdagane blei arrangert for 25. året på rad. Annika Brandal, leiar i Brandal Vel, var godt nøgd med besøket og arrangementa under årets Brandalsdagar.

- Det var veldig godt med besøk desse dagane, med ei god blanding av folk frå bygda og folk som kom til bygda. Det kjekkaste for meg er at borna såg ut til å storkose seg. Eg er også veldig nøgd med at vi får markert jubilea til Polarstar, Brandalsdagane og Brandal IL i ein fin kombinasjon. Så er det også artig å sjå tre generasjonar saman, spesielt i dag søndag, seier Brandal.

Mykje spanande program

Fredagen tok hovudprogrammet under årets Brandalsdagane til for alvor. For då var det først innleiiande runder i volleyballturneringa på Ingamarka. Mot kveldinga blei det heldt ein spanande seanse på Ishavsmuseet Aarvak, der det både blei avslørt at 70-årsjubilanten Polarstar skal leigast ut til Tromsø-selskapet Arctic Voyager i tre år, og at Ishavmuseet Aarvak - med Martin Karlsen i spissen - har lukkast med å skaffe to nye samarbeidsavtalar, med to kanadiske museum.

Laurdagen var fullpakka med spanande program, både for store og små. Etter ein yogasesjon ved Pakkhuset laurdag morgon var det fleire som drista seg til å ta eit forfriskande bad i hamnebassenget timen etterpå. Loppemarknaden på Brandal Grendahus er populær år etter år, og var godt besøkt både laurdagen og søndagen.

I sentrum var det rigga til hoppeslott, og nede ved sjøen låg Eliasbåten klar for nokre turar ut på hamnebassenget. Kassebilløp var populært, noko også besøk frå politiet, brannvesenet og ambulandemedarbeidarar var.

Feira 70-årsjubilanten Brandal IL

Det er ikkje berre Polarstar som kan skilte med 70 år i drift, det kan også Brandal Idrettslag. 70-årsjubilanten blei markert med song og det klassiske oppgjeret mellom Indredalen og Ytredalen - eit oppgjer Ytredalen vann i år.

Sportsprogrammet for laurdagen innheldt også finalen i volleyballturneringa, som til slutt enda med siger til Team Johansen.

Kvelden blei avslutta med middag og 70-årsdans med "The Harmonies" på Ishavsmuseet.

Kaptein Ishav var tilbake

Søndagen byrja også med ei badestund, før det var skattejakt på skuleplassen. Etter ein spanande fiskekonkurranse og ei mengd aktivitetar også denne dagen i sentrum, var det klart for stort familieshow på Ishavsmuseet Aarvak. For ingen ringare enn Kaptein Ishav var tilbake! Wilhelm Støylen spelte også denne gongen den langskjeggete kapteinen.