Knut Falk (70) er busett på Hareid, men fødd og oppvaksen på Harøya.

Far Haakon var kvalskyttar, skipper og medeigar i to båtar.

Men dårleg rygg gjorde at han tok seg jobb i Kontrollverket, og var blant anna ved Sildesalslaget i Ålesund i sesongen.

Men fisket lokka, og i 1965 fekk han levert «Falkvinge» frå Bremsnes Baatbyggeri.

Ein kryssarbygd trebåt på knapt 35 fot, som faren skulle bruke til fritidsfiske utanfor Harøya.

Selt til Runde

Men like etter at «Falkvinge» var levert, vart Haakon sjuk, og knappe fire månader seinare døydde han. Familien bestemte seg då for å selje «Falkvinge», og han enda på Runde.

Men Knut Falk klarte ikkje å legge frå seg tanken på «Falkvinge». På 1990-talet, medan den fiskeglade læraren var rektor ved Hjørungavåg skule, byrja han arbeidet med å spore opp den tidlegare treskøyta til faren.

– Eg starta hos Fiskesalslaget i Herøy. Der fekk eg vite at båten vart døypt om til «Falk», og at han etter nokre år vart selt vidare til eit brødrepar på Sula nord for Frøya, fortel Knut.

Etter ein del detektivarbeid klarte Knut å spore opp den eine av brørne, og kan kunne fortelje at båten var selt vidare til Grovfjord i Troms, til ein kar som skulle bruke han som fritidsbåt.

– Eg tok kontakt med mannen, men han skulle ikkje selje nokon båt. Men sidan eg ikkje er kjend for å gi meg så lett, bestemte eg meg for å legge sommarferien til Lofoten og Troms. Og komen dit fekk eg god kontakt med eigaren, som framleis ikkje ville selje båten til meg, seier Knut.

Men to år seinare kom det telefon frå Troms. Eigaren hadde kome fram til at det vart for mykje arbeid å stelle både ein fritidsbustad på Senja og trebåten. Han var derfor klar til å selje båten.

– Prisen var tre gonger så høg som det far gav for han i 1965, men likevel innanfor det akseptable, så eg slo til.

Knut var ein lykkeleg mann då han saman med broren kunne føre «Falkvinge» frå Troms til Hareid.

Blodpropp i hjernen

Då Knut nokre år seinare flytta til Tau på Jørpeland, vart «Falk

vinge» med. Å kombinere rektorjobb i Tau med småfiske, var perfekt for Knut.

Men livet byr på utfordringar, og 55 år gammal fekk Knut ein dag dundrande hovudverk. Den gjekk ikkje over, og etter ein omgang i computertomograf vart det slått fast at han hadde fått blodpropp i hovudpulsåra til hjernen. Etter ein periode med sjukmelding, byrja Knut på att i rektorjobben, men hovudverken ville ikkje gje seg. Arbeid som krev konsentrasjon var ikkje lenger noko for han, og 59 år gammal sa legane at no burde han slutte å jobbe.

– Då vart det ein omgang der Nav skulle teste restarbeidsevna mi. Fleire tiltak vart prøvde, men det fungerte ikkje. Så snart eg skulle konsentrere meg, kom hovudverken. Til slutt sa eg til Nav-folka at eg hadde ein båt, og at eg kunne tenke meg å bli fiskar. Dei var positive, og eg kom meg inn i Fiskeriregisteret. Så eg kan gjerne takke Nav for at eg vart fiskar, smiler Knut.

Tilbake til Hareid

Etter 13 år i Tau flytta Knut tilbake til Hareid. No driv han småsjøen, og kjenner at det er godt for den mentale helsa hans å setje line, teiner og garn.

– «Falkvinge» er bra for meg, slår han fast.

Mykje av utstyret om bord, blant anna Marna-motoren, bygd i Mandal, har same alder som båten.

– Motoren var til full overhaling i Mandal for nokre år sidan, og der sa dei at eg truleg hadde motor i 35 år til, så det held nok for meg.

I vår vart «Falkvinge» botn-smurd ved Leikanger båtservice på Leikong, og dekket er nyslipt og smurt. Berre oljing står att. Å bytte «Falkvinge» ut med plastbåt, er ikkje aktuelt.

Berre trebåt for Knut

– Aldri i verda om eg skal ha ein plastikkbåt. Ein trebåt ligg så mykje betre i sjøen, og så er det faktisk ei tilfredsstilling å halde båten ved like. Då gjer eg eit arbeid som viser att.