Det blir redusert kapasitet i B-ruta og berre to ferjer på sambandet Hareid - Sulesund frå tysdag og ti dagar framover. Det skriv reiarlaget Norled på sine nettsider.

Bakgrunnen for dette er at ei av hovudferjene i sambandet skal inn på eit årleg verkstadopphald. Det er venta at dette vil vare i om lag ti dagar.

Dermed går Høgsfjord inn som B-ferje i sambandet. Denne har noko mindre kapasitet enn Tidefjord og Ullensvang. Det blir ikkje sett inn ei anna ferje i C-ruta på sambandet.