I samarbeid med NRK TV skal firmaet Herlig Film og TV lage ein dokumentarfilm om lokalradioen Bygderadio Vest, som sender til dei sju kommunane Ørsta, Volda, Herøy, Ulstein, Sande, Hareid og Vanylven.

I eit brev til Ørsta kommune bed dei om hjelp til finansieringa.

Filminga startar allereie i haust.

– Filmen skal vere ein underhaldande og sjarmerande dokumentar som med varme løftar fram den store dugnadsinnsatsen som blir lagt ned for at kommunane framleis skal ha eit lokalt radiotilbod. Vi har stor tru på at dokumentaren vil bli likt og sett av eit stort TV-publikum over heile landet, også fordi filmen kastar lys over eit tema som har engasjert heile det radiolyttande Noreg det siste året: DAB, skriv André Folkestad, på vegner av filmselskapet.

Denne artikkelen vart først publisert i Møre-Nytt.