Hyttebygginga til Volda-millionæren har gitt teknisk etat i Ulstein nok å henge fingrane i dei siste åra, trass i at det har vore langt mellom søknadene frå Remmereit. Kommunen meiner at hyttebyggaren på Havågneset har gjennomført eit massivt inngrep i det strandnære området utan nødvendig løyve på fleire område. Remmereit sjølv meiner han driv med landskapspleie og innovativ plantedyrking. Advokaten hans snakkar om ei kulturkonflikt og har sådd tvil om at det er naudsynt med byggeløyve på fleire av dei områda som kommunen etterlyser dette. Etter fleire rundar som enda opp med at saka vart sendt over til påtalemaktene i haust, leverte Remmereit i september og oktober søknad om løyve til tiltak. Denne søknaden vart følgt opp med ei kommunal synfaring i november. Kommunen konkluderer med at det framleis er ulik oppfatning av realitetane i saka hos Remmereit og kommunen. Dette gjeld usemje om kor vidt ulike tiltak er søknadspliktige; tiltak som til dømes bygging av molo, kunstige sandstrender, masseflytting, fjerning av kulturminne, vegrydding med meir. For å klargjere dei juridiske sidene ved saka vil kommunen nytte seg av tilbodet frå sentrale styresmakter om advokathjelp. Før søknaden frå Remmereit kan handsamast ønskjer Ulstein kommune å vere på den sikre sida og få juridisk hjelp til å slå fast formalitetane kring det lovpålagde byggeforbodet i strandsona i Noreg. eit brev til Remmereit orienterer kommunen om at sakshandsaminga difor ikkje kan gjennomførast innanfor vanlege tidsrammer. I brevet presiserer også kommunen kva tiltaka som ut ifrå deira syn, ikkje er avklara i høve til krav etter Plan- og bygningslova eller anna lovverk. Til dømes er ikkje kommunen samde med Remmereit og advokaten hans, om at bygging av molo til ein holme ved Havågneset, ikkje er eit vesentleg terrenginngrep. "Som dei mange andre inngrepa i strandsona, kan heller ikkje dette inngrepet vurderast isolert. Det er eitt av mange einskildinngrep som i sum må oppfattast som omfattande endring av opphavleg strandnatur.", heiter det i brevet til Remmereit. Molobygginga er eit av fleire tiltak der kommunen ser behovet for ei juridisk avklaring før vidare handsaming av søknaden frå hyttebyggaren. Brevet frå fagetaten vart denne veka lagt fram for teknisk utval til orientering.
Nyhende →
Ulstein kommune ber om advokathjelp i Remmereit-saka
Det er framleis ulike oppfatningar av realitetane hos Ulstein kommune på den eine sida og hyttebyggar Jan Remmereit på den andre. No vil kommunen nytte seg av advokathjelp frå sentrale fagstyresmakter.