Global i Liavåg har om lag 60 tilsette, og sidan fisket etter lodde og makrell er sesongbetong, er også produksjonen ved Global ujamn. Men akkurat no er det full drift, og i dag (tysdag) fekk ministeren sjå mykje sild kome strøymande gjennom samlebandet. Frå båten som leverte silda frå kaia, til filetering, pakking og inn i fryseriet. Dagleg leiar Rune Hoddevik ved Global Liavåg tok ministeren og følgjet hans, alle iført kvite frakkar og vern rundt skorne, med på ei omvising på anlegget. Andersen kunne fortelje at det var første gong han såg eit pelagisk anlegg. Omvisinga tok om lag ein halv time, og kortaste stoppen var naturleg nok inne i sjølve fryserommet. Deretter barst det opp i kantina, der Kokk and Roll hadde laga til ein utsøkt frukost. På menyen stod sild, fiskekaker av hestemakrell og klippfiskbollar. Blant mykje anna snadder. Men nærings- og handelsministeren hadde lagt opp til eit tett program på Yre Søre, og for at han skulle få eit innblikk i utfordringane til pelagisk næring, nytta administrerande direktør Geir Hoddevik i Global Fish matøkta til å gje ministeren nokre stikkord. Hoddevik kunne mellom anna fortelje at næringa har kronisk overkapasitet. Anlegga langs kysten er dimensjonerte for å ta sesongtoppar, og det inneber overkapasitet nesten gjennom heile året, ja til og med i toppsesongen. Redusert kapasitet på fangstleddet har også ført til at det er hard kamp om råstoffet.

Lite investering sidan 1990-talet

Svak lønsemd har ført til svake finansielle musklar og evne til vidareutvikling. Hoddevik kunne opplyse at pelagisk næring hadde investert lite i nyutvikling sidan 1990-talet, då næringa tente godt. Kraftige svingingar i prisen gjer det vanskeleg å drive med god marknadsføring og vidareforedling. Men Hoddevik er likevel optimist. Han peikar på at det frå og med 2007 ligg eit stort potensial knytt til større fangstvolum. Han viste mellom anna til signal om at EU er i ferd med å setje i verk kraftige mekanismar for å hindre eit omfattande tjuvfiske, og at ei oppmjuking av innkjøpssystemet kan føre til meir langsiktige leveringskontraktar.

På børsen i løpet av tre år

Global Fish og Domstein har gått i brodden for å få danna eit stort pelagisk selskap, Norwegian Pelagic. Hoddevik kunne fortelje ministeren at målet med selskapet er å auke lønsemda, og dermed sikre gode arbeidsplassar i framtida. Tanken er at Norwegian Pelagic skal aukemarknadsstyrken og tilpasse kapasiteten gjennom heile verdikjeda frå fiskeri, gjennom produksjon til marknad. Emisjonen blir i løpet av første halvår i år, og dei dei skal leige produksjonsanlegg frå deltakarane. Hovudkontoret blir i Måløy, med sal og innkjøp i Ålesund. Eksisterande selskap, utanom eigedom, skal overførast til nytt selskap, som skal vere på børsen i løpet av tre år.