Heilt sidan Håkon Wigg (82) var ein unggut har han hatt planar om å setje opp eit forretningsbygg med gjestehus i Kyrkjegata. I 1969 flytta han tilbake til Ulsteinvik, og ikkje lenge etter greip fatt i den gamle draumen sin. Men den gongen skulle all forretningsaktivitet leggjast til Sanden. Kommunen vende tommelen ned for forretningsbygg i Kyrkjegata, oppsummerer han. Wigg har sidan 1979 drive Vikhaugen Gjestehus i Kyrkjegata. Huset er bygt på 1880-talet, og planen hans har vore å byggje eit nytt gjestehus i kombinasjons med forretning- og husvære.

I samarbeid med Ulstein Utbygging

I fjor haust innleia Wigg eit samarbeid med Ulstein Utbygging as (Boligsenteret, Ulstein Betongindustri og Handverksbygg), og i november var dei i drøftingar med Ulstein kommune. På dette møtet foreslo Ulstein Utvikling at kommunen kunne få eit areal øvst på eigedomen til Wigg, mot at Wigg fekk eit areal som kommunen eig inn til Skulevegen. Ei slik løysing ville etter Ulstein Utbygging si meining vere ein fordel både for kommunen og byggjeplanane til Wigg. Teknisk sjef Elling Indresøvde kunne som rimeleg er, ikkje kome med nokon lovnad under møtet. Men han signaliserte at Wigg skulle få eit svar i løpet av januar. Då Wigg purra kommunen i januar, var meldinga at han skulle få eit svar etter 24. januar. I eit brev frå Ulstein kommune 8. februar er bodskapen at dei ikkje kan svare før dei har fått drøfta saka. Då det hadde gått tre veker til utan svar, prøvde Wigg å få kontakt med ordførar Hannelore Måseide, utan å lykkast. Ho ringde meg i førre veke, og ho verka for så vidt positiv. Men meldinga ho gav meg var at eg ikkje kunne få noko svar før i mai, for kommunen var i forhandlingar med ein grunneigar om ein festeavtale, fortel Wigg. Han er frustrert over at kommunen er så seindrektige. Eg får telefonar kvar dag frå folk som vil leige rom i Vikhaugen Gjestehus, men huset er no i ei slik forfatning på grunn av hærverk at eg kan ikkje leige det ut. Slik utleigemarknaden er no, går eg glipp av ei god inntekt. Eg synest det hastar å få kome i gang, kommenterer Wigg.

Problem for badeanlegget viss Wigg trekkjer tilbodet om makebyte

Også Odd Arve Riise i Ulstein Utbygging er frustrert over at Ulstein kommune ikkje kan kome med eit svar før i mai. Eg forstår det rett og slett ikkje. Makebytet hadde ført til at kommunen fekk meir areal bakover, og dermed hadde det vorte lettare å realisere bygging av badeanlegget. Dersom Wigg trekkjer tilbodet om makebyte, kan det bli vanskelegare, meiner Riise. Bygget som Håkon Wigg og Ulstein Utvikling har planar om å føre opp i Kyrkjegata, er tenkt i ein stil som vil passe inn blant dei gamle husa. Det er tenkt oppført i ein kombinasjon av tre og betong, og med ei grunnflate på rundt 400 kvadratmeter i fire etasjar. Riise meiner eit bygg som glir inn i den etablerte busetnaden langs Kyrkjegata vil vere eit pre for Ulsteinvik. Med appartementsutleige, forretning- og kontorlokale og husvære på toppen. Viss det verkeleg er slik at eg må vente til mai med å få eit svar, så trekkjer eg tilbodet om makebyte. Og då må bygget eg har planar om skrumpe inn til eit lite gjestehus. Det blir så lite at Ulstein Utbygging kjem til å trekkje seg, seier ein tydeleg sliten og vonbroten Håkon Wigg.