Fleire parti i Hareid har alt lansert listene og ordførarkandidatane sine. Men Venstre har halde det politiske miljøet på pinebenken. Partiet har ikkje nominasjonsmøte før 28. mars, like før fristen for innlevering av lista går ut. Onsdag kveld hadde nominasjonsnemnda møte, og då gav Gjerde beskjed om at ho ikkje er aktuell som ordførarkandidat. Ho vil ikkje stå på lista i det heile. Den avgjerda grunngjer ho slik: Eg vil ikkje sitje i kommunestyret som ei surmaga, sjuande kjerring i salen. Men gruppemøta til Venstre vil ho vere med på så sant ho har tid. Gjerde seier til Vikebladet Vestposten at avgjerda om å takke for seg er grundig gjennomtenkt, og at det har vore ein prosess. Det avgjerande valet tok ho då ho forstod at Venstre er i ferd med å få ei god kommunevalliste. Gunn Berit Gjerde kom feiande inn i kommunepolitikken for åtte år sidan. Då var det direkteval på ordførar og Gjerde danka ut Einar Holm som hadde vore ordførar i fleire periodar, med god margin. For fire år sidan hadde Hareid gått bort frå direkteval på ordførar, men Venstre gjorde eit brakval og fekk inn sju representantar. Partiet var på nippen til å få inn den åttande representanten. Men årets valkamp blir altså utan Gunn Berit Gjerde på barrikadane.

Eg har innfridd mange av lovnadene

Eg har heile tida meint at åtte år er nok for ein ordførar, og når eg oppsummerer så synest eg at eg som ordførar har oppfylt ein god del av lovnadene eg kom med i starten. Gjerde viser til at Venstre både for åtte og fire år sidan gjekk til val på at dei ville prioritere oppvekst, skule og miljø. Skulane i kommunen er renoverte etter tur. No er renovering/utbygging av den siste skulen, Hareid skule, i godt gjenge. Men Brandal skule, i alle fall 5.-7. klassesteg, vart lagt ned i din ordførarperiode? Ja, og det er ikkje slik som eg håpa i starten. Vi tenkte at skuleutbygginga i Brandal skulle gje ein ny giv til bygda. At det skulle føre til fleire innbyggjarar. Det har dessverre ikkje skjedd. For meg har det vore avgjerande at vi må ha så gode ressursar i skulen at vi kan følgje opp også dei svake elevane. Då fylkesdirektøren i 2006 gav oss beskjed om at det ikkje var nok ressursar i hareidsskulen, vart eg nøydd til å tenke annleis. Ordførar Gjerde viser til statistikken som seier at elevtalet i Brandal om nokre år er nede på 30-talet. Eg er for små skular, men ikkje for små. Er der grise med elevar blir fagmiljøet utpint og miljøet vanskeleg. Politikk handlar om å velje - og prioritere. Og for meg er altså innhaldet i skulen det aller viktigaste, forklarer Gjerde. Ho trøystar seg med at det i Brandal no står ein flott idrettshall som kan vere til glede for bygda.

Ungdomen er engasjert

Kva er du aller mest stolt over av tiltaka som er gjennomførd i kommunen dei siste åtte åra? Alt det positive som har skjedd på oppvekstsida. At vi har klart å engasjere ungdomen i livet på Hareid. Ungdomsrådet har vore ein viktig ressurs, og det interkommunale rusarbeidet tok eg fatt i under mi første ordførarperiode. Gjerde tek opp att at den siste skulen i Hareid no er i ferd med å bli oppgradert. Ho er stolt av at kommunen har ein renovert symjehall - med vatn i bassenget. Det meiner ho syner handlingsvilje. Mottoet hennar har vore at all ungdom i Hareid skal finne ein aktivitet som dei likar å vere med på. Opplevingsgarden og ridesenteret som er under oppbygging i Hjørungavåg er to prosjekt som gler henne stort.

Eit kinderegg i Brandalsstranda

Men prosjekta stoppar ikkje der: Det har skjedd utruleg mykje positivt. Vi har fått asfalt på alle køyrevegane og breiband over heile kommunen. Løysinga med gangveg, breiband og vatn til Brandal er rett og slett eit kinderegg. Dessutan er nesten heile kloakksystemet i kommunen nytt, og vassleidningssystemet er også i ferd med å bli nytt. Men kulturen har ikkje fått så mykje å rutte med i ordførarperioden din? Den påstanden er ikkje rett. Vi har fått på plass ein eigen kultursjef, kunstgrasbane, rulleskeisebane og Sunnmøre Golfbane i Hovdemyrane. Bygdetunet Vonheim har fått ei oppblomstring, rett nok med imponerande dugnadsinnsats. Og det same har skjedd med Pakkhuset i Brandal. Eg synest vi har fått mykje ut av pengane. Men det har vore beinhard styring. Økonomien har vore stram heile tida, men går det som vi trur, er vi ute av Robekk-lista i slutten av 2008. Eg føler eg overleverer ein kommune det er stell på. At den nye ordføraren får ein enklare periode - viss ikkje noko drastisk skjer. Til dømes at regjeringa kuttar i løyvingane til kommunane. Regulering av nytt bustadfelt på Holstad er også på trappene, det same er utviding av industrifeltet i Hareidsmyrane. Og vedtaket om at den nye 132 kV-linja skal gå i jord gjennom heile Hareidsdalen kom tysdag i denne veka. Ein herleg siger, strålar Gjerde, som har stått på barrikadane i denne sake heilt sidan 1999. Men finst det noko du ikkje har klart å gjennomføre i ordførarperioden din? Ja. Til dømes gangveg over Hareidseidet. Heldigvis har Ulstein fått prosjektet opp på prioriteringslista si no. Dessutan meiner eg riksvegen gjennom Hareidsdalen er ei lei blemme. Traseen bør flyttast. Eg har snakka med fylket om saka, men svaret eg får er at det i åra før eg vart ordførar vart investert så mykje i Hareid sentrum i tilknyting til riksvegen at han må liggje nokre år til.

Eg fekk nokre skot for baugen i starten

Vi må snakke litt om Opplevingsparken i sentrum. Der møtte du hard politisk motstand i starten. Enkelte var til og med litt hånande i tonen -? Kritikken stilna etter kvart. No ser dei fleste at Opplevingsparken er eit pre for Hareid. Men det er rett at eg fekk meg nokre skot for baugen i starten på den saka. Eg var veldig godtruande på at hovudsaka i politikken skulle vere å få gjort noko godt for bygda. Erfaringane mine gjer at eg har bestemt meg for at uansett kven som blir ordførar i Hareid til hausten, så skal eg tre støttande til på ein positiv måte, viss det er bruk for meg. Det har til dels vore store gnissingar i formannskap og kommunestyre i dei åtte åra du har vore ordførar. Er det noko av årsaka til at du ikkje tek attval? Nei. Men eg er glad for at både Anders Riise og Oskar Grimstad, som begge er ordførarkandidatar, offentleg har sagt at dei ønskjer å vere samlande ordførarar. Eg håper dei held det, men eg har ikkje alltid sett den viljen. Gunn Berit understrekar at ho ikkje har følt seg overkøyrd i kommunestyret og formannskapet, men at det nokre gongr har skjedd ting som var overraskande, og dermed vanskelege å føre fram til avrøysting. Meir vil ho ikkje dvele ved.

Blått til lyst?

Kvar går vegen frå hausten av? Eg har jobben min i NRK, men har gjort det vanskeleg for meg sjølv med å seie ja til topp-plassen på fylkestingslista. Så tida får vise. Eg uroar meg ikkje. Ting legg seg som regel til rette. I fleire år har eg tenkt at eg ein dag skal starte mitt eige firma "Blått til lyst". Eg er glad i kultur, og vil gjerne gjere skape noko, det er då eg er mest lukkeleg? Førebur du ein karriere på Stortinget? Nei. Det tenkjer eg ikkje på no. Eg har ein gut heime som er litt for ung til at eg skal bu i Oslo. Gunn Berit Gjerde meiner ho aldri har vore flink til å planlegge verken profesjons- eller politikarkarrieren sin. Blir det ikkje litt vemodig å levere frå seg ordførarkjeda i september? Nei. Eg er slik laga at når eg innstiller meg på noko så kuttar eg ut vemodige tankar. Eg synest eg har hatt åtte viktige og utviklande år i Hareid kommune, der eg har fått lært mykje. No går eg vidare, svarer Gunn Berit, og legg til: Men det er ei stund til september enno. Og eg skal stå på til siste slutt.