Gunn Berit Gjerde fekk gjennomslag i fylkesutvalet for at Sunnmøre skal prioriterast med i prosjektet "Ferjefri stamveg gjennom Møre og Romsdal". Prosjektet er starta opp etter initiativ frå fylket. Prosjektleiinga er lagt til samferdselsavdelinga. For at prosjektet skal kunne vere med i Nasjonal transportplan 2010-2019 er et stilt ei rekkje krav til prosjektet. Mest truleg vil ikkje prosjektet kome med før i siste del av planperioden, det vil seie mellom 2014 og 2019. For at prosjektet skal vere aktuelt for Nasjonal transportplan er det naudsynt å gjennomføre grunnundersøkingar. Statens vegvesen har allereie teke det økonomiske ansvaret for å gjennomføre slike granskingar på Romsdalsfjorden. Det er slik sett ikkje unaturleg at Statens Vegvesen/Møre og Romsdal fylke tar delar av det økonomiske ansvaret også for grunnundersøkingar òg på Nordmørsprosjektet. Grunnundersøkingane er rekna til å koste 3 millionar kroner. I sakpapira til møtet går det fram at vedteke samferdselsbudsjett for Møre og Romsdal fylke ikkje gjev rom for å delta økonomisk i ei slik undersøking i 2007. Dersom det er mogleg å få til eit spleiselag på finansieringa av naudsynte grunnundersøkingar, er Møre og Romsdal i utgangspunktet positive til å delta.

For djupe fjordar

På Sunnmøre er det ikkje gjort seismiske undersøkingar. I tilrådinga frå fylkesdirektøren var ikkje Sunnmøre nemnd i framlegget om å gjennomføre dei naudsynte trafikk- og grunnundersøkingane, berre Nordmøre og Romsdal. Fylkesdirektør Ottar Brage Guttelvik hevdar fjordane er for djupe til at ein kan satse på utbygging av vanlege undersjøiske fjelltunnelar på Sunnmøre. Han meiner det i staden må satsast på forskings- og utviklingsprosjekt i samarbeid med Høgskulen i Ålesund der ein ser på alternative teknologiske løysingar for å krysse fjorden, som neddykka røyrtunnel.

Borti natta

Fylkestingsrepresentant Gunn Berit Gjerde (V) kallar utsegna til Guttelvik for borti natta. Venstrekvinna meiner dei må gjennomføre grunnundersøkingar for han kan kome med slike påstandar. Ho er glad ho fekk gjennomslag i fylkesutvalet å ta med Sunnmøre i prosjektet. Då blir Hareid-Sulesund undersøkt. - Dette er eit utruleg viktig steg for Hareid fastlandssamband, understrekar Gjerde. Saka blir lagt fram for fylkestinget i juni i år. Då skal det greiast ut omfanget av saka og korleis tiltaket skal finansierast.