Kirkens Nødhjelp opplever eit sterkt engasjement i heile Noreg for naudhjelpsarbeidet på Haiti. Generalsekretær Atle Sommerfeldt kom tysdag tilbake til Noreg frå Haiti og har sterke skildringar frå den massive katastrofen der hjelpearbeid vil vere naudsynt i lang tid. Førstkommande onsdag (27. januar) kjem Sommerfeldt til Ulsteinvik for å ha inspirasjonssamling saman med dei frivillige i Kirkens Nødhjelp. Han kjem til å fokusere på både Haiti og Kirkens Nødhjelp sitt arbeid elles. Sommerfeldt sitt bodskap er at det er viktig å engasjere seg, han har sett at hjelpe kjem fram. På føremiddagen skal Sommerfeldt treffe elevane ved Sunnmøre Folkehøgskule. På kvelden skal Kirkens Nødhjelp på Søre Sunnmøre ha inspirasjonssamling med han.
Nyhende →
Atle Sommerfeldt til Ulsteinvik med Haiti-historier
Generalsekretæren i Kirkens Nødhjelp har sjølv vore augevitne til den massive katastrofen på Haiti. Onsdag kjem han til Ulsteinvik.