Det er fem år sidan Aktiv Omsorg fekk tilslaget på ambulansedrifta i Hareid og Ulstein. For vel eit år sidan vann dei også anbodskonkurransen om ambulansedrifta i Sykkylven, og for kort tid sidan gav Helse Sunnmøre dei grønt lys for å rykkje inn i Geiranger også. På fem år har Aktiv Omsorg vakse frå 8 til vel 21 årsverk. Av desse er 10-11 av årsverka heimehøyrande i Hareid og Ulstein. Dei tilsette i Aktiv Omsorg er ein kombinasjon av ambulansepersonell og sjukepleiarar. Dagleg leiar Anders Riise i Aktiv Omsorg opplyser at dei no har 4 sjukebilar i ordinær ambulansedrift, pluss to i reserve og eit par vaktbilar. Erfaringane med å fjernstyre ambulansedrifta i Sykkylven frå Saunesmarka har vore positive opplyser Riise, som ikkje ser mørkt på å administrere ambulansen i Geiranger, Eidsdal og Linge i tillegg. Spesielt i Geiranger Men han vedgår at Geiranger er ein spesiell plass, med svært mykje folk sommarstida og berre eit par hundre fastbuande vinterstida. Turen frå Geiranger til sjukehuset i Ålesund tek om lag to timar, inkludert ferje mellom Eidsdal og Linge, og tur-retur tek turen dermed vel fire timar. Det gjer at terskelen for å rekvirere helikopter må vere forholdsvis låg. Sjukebilen i Hareid er opptakta til Aktiv Omsorg. Namneskiftet kom for fem år sidan, og eigarar og drivarar er Sigbjørn Haddal og Anders Riise. I løpet av 2007 skal ambulansedrifta i Hareid og Ulstein atter ut på tilbod, og dei to drivarane er spente på om HelseSunnmøre gir dei fornya tillit for ein ny femårsperiode.