(arkivfoto)

Partane i lønsforhandlingane kom til semje klokka fire i dag tidleg, melder NRK Møre og Romsdal.

Det var representantar frå Sjømannsforbundet og Rederienes Landsforening som laurdag føremiddag møttest med Riksmeklingsmannen til mekling. Minstelønsgaranti frå arbeidsgjevarane til dei tilsette stod sentralt i forhandlingane.