Elly Kirkeslett, områdeleiar for helse- og omsorg i Hareid, står framfor store utfordringar. Heimebasert omsorg skal byggjast ut, men området skal spare 4,5 millionar kroner. Og Samhandlingsreforma kan også kome til å gjere presset på sjukeheimsplassar større. Foto: Anne Gry Eilertsen

Områdeleiar Elly Kirkeslett vedgår at etaten står fram for store utfordringar, sjølv om dei har planlagt innføringa av Samhandlingsreforma så godt dei kan.

Samhandlingsreforma gjer at kommunane får ei døgnbot på 4000 kroner dersom sjukehuset skriv ut ein pasient, og kommunen ikkje har kapasitet til å ta imot han.

Reglane seier at når eit sjukehus får inn ein ny pasient, skal dei innan 24 timar varsle helse- og omsorg om kva tenester dei reknar med at pasienten treng når han blir skriven ut frå sjukehuset. Og når pasienten blir utskriven, har kommunen 24 timar på seg til å finne eit tilbod til pasientar som treng det. Anten heimebasert eller i institusjon.

Sprengd kapasitet på sjukeheimen

Onsdag 4. januar var det eit overbelegg på to pasientar ved Hareid sjukeheim.

Områdeleiar Elly Kirkeslett og andre i leiinga hadde sin fulle hyre med å finne ordningar som er tilfredsstillande for pasientane. Akkurat no er kapasiteten spreng ved Hareid sjukeheim.

I Hareid er planen å satse sterkare på heimebasert omsorg. Blant anna med ergoterapeut og fysioterapeut. Men førebels manglar det ei nattevaktstilling.

– Men viss sjukehuset er heilt klare på at pasienten dei skriv ut treng institusjonsplass, må vi ta dei inn på sjukeheimen. Forsvarleg helsepleie er i førarsetet, forsikrar Kirkeslett.

Press frå mange kantar

Akkurat no kan det verke som helse- og omsorgsleiaren er pressa frå mange kantar. For det er ikkje berre pasientar som blir utskrivne frå sjukehus, og som treng rehabilitering, som har rett på ein sjukeheimsplass. I kommunen finst det i tillegg ein god del heimebuande som ønskjer sjukeheimsplass.

Det er ingen tvil om at Samhandlingsreforma gjer at presset på sjukeheimsplassar blir større.

Men områdeleiaren i Hareid er pressa også økonomisk. Under handsaming av budsjettet for 2012 gjorde kommunestyret vedtak om å kutte budsjettet med 4,5 millionar kroner i høve forslaget til rådmannen.

Må ha forsvarleg helseteneste

Tanken til politikarane er at innsparinga skal skje ved å satse sterkare på heimebaserte tenester.

– For området vårt var dette eit skuffande vedtak. Men det er politikarane som bestemmer, og vi skal spare så godt vi kan, forsikrar Kirkeslett.

– Men, legg ho til: Vi må drive forsvarleg helseteneste, uansett kva økonomi kommunen har.