Det er viktig for innbyggjarane at alle kan kome på nettet, men det vil også gje kommunen store fordeler i kommunikasjonen med innbyggjarane, seier Einar Aasen i ei pressemelding. Det har i fleire år vore arbeidd systematisk for å få til breiband for folk i Hareid. Til Brandal vart det lagt fiber i gangvegen etter eit samarbeid mellom kommunen, innbyggjarane i Brandal og Tussa. Til Hjørungavåg er det lagt fiber, og fram gjennom Hareidsdalen går det ikkje mindre enn to fiberkablar. Teknisk etat i Hareid har også i fleire år hatt ståande ordre om å leggje rør for fiber når dei grev ei grøft. Hareid har no ei dekning på ca. 95 prosent. Det som står att ligg vanskeleg til og er stort sett spreidd busetnad som det er dyrt å byggje ut. Dette gjeld deler av Alme, Snipsøyrdalen og Ulset. Men ordførar Gunn Berit Gjerde har tatt initiativ til ein søknad på offentlege midlar for å få bygt ut dei siste prosentane. Dette vil Ventre følgje opp slik at innbyggjarane i Hareid, same kvar dei bur, har tilgang på Internett, lovar Einar Aasen, som sjølv driv eit datafirma som er heilt avhengig av å ha gode dataliner til og frå Hjørungavåg. Tilgang på data er viktig for moderne menneske, og den servicen at folk kan knyte seg til breiband same kvar dei bur i Hareid, skal vi arbeide for å få til, seier Einar Aasen, som er ny i politikken på Hareid. Han meiner dette opnar for store innsparingar både for innbyggjarane og kommunen. Kommunen kan kommunisere direkte med alle innbyggjarane, og det blir enkelt å knyte seg til IP-telefoni. Kommunen kan sende ut krava sine på nettet og alle innbyggjarane kan sende søknader både når det gjeld til dømes barnehageplass og tekniske reguleringar. I tillegg vil alle innbyggjarane på ein enkel måte kunne sjå kva som skjer i kommunen og ha tilgang på sakene i formannskapet og kommunestyret. Vi kan også sende kommunestyremøta på nettet, for den som vil kike politikarane nærare i korta, seier Aasen.