arkiv Foto: Anne Gry Eilertsen

Gunn Berit Gjerde vart vald til ny leiar i Lyntogforum Møre og Romsdal på møte i Ålesund onsdag. Med seg har ho Rolf Fiskarstrand frå Fiskarstrand Verft, ordførar i Norddal, Bjørn Inge Ruset, ordførar i Rauma Lars Olav Hunstad og eigar og drivar av union hotell i Geiranger Monja Mjelva.

I tilleg skal styret utvidast med personar frå Molderegionen. Stortinget har intensjon om lyntogdrift i sør-Norge og har bestilt ei lyntogutgreiing som skal danne grunnlag for vedtak i nasjonal transportplan i 2013. Denne skal Møre og Romsdal vere med i.

– Då må vi syte for at det er Gudbrandsdalen som blir trasé mellom Oslo og Trondheim, så må vi syte for ein trasé frå Ålesund via Skodje og Vestnes og Norddal som tilknyting til togbana, seier Gjerde, som legg til:

– Norsk bane i samarbeid med eit tysk jernbaneselskap har gjort nøye undersøkingar og planar som syner at det er realistisk at vi kan sette oss på eit tog i Ålesund og vere framme i Oslo eller Trondheim på 2,5 timar.

– Folk i Møre og Romsdal reiser så ofte at det vil vere ein positiv reknskap med nedbetaling over 30 år. Vi vil spare miljøet, og vi kan bruke fly på ein annan måte enn vi gjer no. Eit lyntog frå Ålesund vil gi store fordelar for næringslivet i regionen vår. Det vil skape tilgang til nye arbeidsmarknader og gjere tilgangen på kompetanse og utstyr ved NTNU i Trondheim, avsluttar Gunn Berit Gjerde (V), som også er fylkesvaraordførar.