Erling Sandvik bur i omsorgsbustad på Hadartun i Hareid. Sonen Stig Sandvik merka at telefon hans vart dårlegare og dårlegare utover veka, men fredag den 13. januar var det så mykje støy i telefonen at det var uråd å snakke i han.

Stig ringde då Tele2 og bad dei reparere telefonen til faren. Han opplyste samstundes at han har alarm på telefonen.

Men dette var seint på dag, så dei fekk til svar at telefonen ville ikkje bli ordna før måndag 16. januar klokka åtte på kvelden.

Men det kom ingen reparatør måndagen. Stig ringde fleire gonger for å høyre når dei ville kome, men fekk ikkje noko vettugt svar.

Tysdag fekk han høyre at det var Eltel som skulle reparere telefonen. Eltel hadde ikkje fått melding om at det var alarm på telefonen som skulle fiksast. Dei hadde ikkje tenkt å gjere noko før i februar ...

Men så var det ikkje dei som skulle reparere telefonen likevel, det skulle Relacom gjere. Tysdag ettermiddag kom Stig i kontakt med ein Longva i Ålesund, og då vart det fart på sakene.

Han orsaka at dei ikkje fekk gjort det den dagen, men fekk lovnad om at det skulle gjerast neste dag. Og reparatøren frå dei kom onsdagen, som lova.

– Mi erfaring er at det er hjelp i å kome til lokale, då ordnar det seg. Når ein kjem til ein sentral i Oslo blir berre saka sendt vidare, dei kjenner ikkje same ansvaret som om det er lokalt. All kreditt til han i Ålesund som fekk jobben gjort, seier sonen Stig som bur i Stavanger og synest det er trygt å vite at faren har telefon.

Han vil samstundes rette ein stor takk til heimesjukepleien i Hareid som var velvillige. Dei fekk melding om at faren Erling var utan telefon og alarm, og var innom jamleg og sjekka han.