Kvelden skal fyllast med song, musikk, festtalar, hyllingsdikt og mykje anna, melder Noregs Mållag.

Marie Lovise Widnes er heidersmedlem i Noregs Mållag, og leiar Håvard B. Øvregård vil vere til stades for å seie nokre ord.

Festkvelden blir i Syltefjord Bygdehus fredag 29. oktober, og fell høveleg saman med utgjevinga av plata “So dilla du di rompe”. På den har Widnes gjort ei samling av gamle viser, vers og reglar og godnattsongar for born.