I natt klokka 00:11 fekk politiet melding om at ein bil var køyrd av vegen i sjukeheimssvingane i Ulsteinvik. Angiveleg måtte sjåføren svinge unna for ein hjort som stod i vegbana. Dei to personane i bilen vart begge bragt til sjukehus med lettare skadar.

Politiet har ikkje grunn til å mistenke at noko anna enn det som blei framstilt har hendt.

Jente slått

I natt klokka 01:00 vart politiet ringt opp av ei jente som sa ho var blitt slått av ein mann i ein bil i Ulsteinvik. Det er ikkje kjent kva som låg bak slaget, men jenta vil anmelde forhaldet.