Elling Indresøvde ved teknisk etat i Ulstein kommune oppmodar innbyggarane på Haddal og i Eiksund om å halde fram med å koke vatnet. Vi har ikkje funne grunnen til at vatnet er bakterieinfisert endå, men vi driv med kloring og desinfisering frå vasskjelda og utover rørnettet no. Dette arbeidet tek noko tid, men vi håper på å få tatt nye vassprøver onsdag eller torsdag denne veka, seier han. Indresøvde legg til at dei kan ikkje ta prøver før dei har desinfisert heile rørsystemet, og det vil ta inntil to døgn å få svar frå laboratoriet. Difor er rådet frå teknisk etat og helsesjefen at innbyggarane må halde fram å koke vatnet ei stund framover endå. Problemet kan vere vekk no, men det kan vi ikkje seie sikkert utan å ha tatt nye prøver. Det er difor best å vere føre var, forklarar han.