Hareid skule ligg an til å bli 10 mill. kroner rimelegare
Hareid kommune ser ut til å ha gjort eit smart sjakktrekk då dei bestemte seg for å lyse ut renovering/bygging av Hareid skule for andre gong. Prisen har gått frå 62 til 52 millionar kroner.
Rektor Odd Arne Vikebakk og ordførar/leiar i byggenemnda Gunn Berit Gjerde er letta over at den andre anbodsrunden har gjort renoveringa av Hareid skule 10 millionar kroner rimelegare. Truleg kan førsteklassingen Anna Kristiane Wold Brandal starta neste skuleår på ein moderne skule med ny gymnastikksal.