Nokre tykte det var kjekkare å telje russekort enn å følgje med på friluftsfesten i Ulsteinvik. Gøy skal det vere for alle på 17. mai. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid

Mykje har stått på programmet i dei ulike krinsane i Ulstein og Hareid i dag. Barnetog, borgartog og festtalar er berre ein liten del av det som har skjedd.

Ved Hasund skule møtte mange opp for å gå i barnetog på føremiddag, ved Bigset skule har det vore friluftsmøte i Bygdatunet og på Hareid har det vore folkefest i Hareidhallen.

I Ulsteinvik vart det i ettermiddag arrangert friluftsfest for første gong i uteamfiet ved nye Ulstein ungdomsskule. Der deltok både barn og vaksne, korpsmusikantar, diktlesarar og songarar. Kjersti Kleven var festtalar og nytta høvet til å ta opp tema som organisasjonslivet i kommunen, demokratiet og kor viktig det er å tenkje på kor godt vi eigentleg har det.

Russepresident Fredrik Alvestad heldt den årlege talen frå russen, som både var reflektert og hadde mange gode poeng. Samarbeid, frivillig arbeid, jantelova og korleis leggje til rette for dei som skal busetje seg i Ulstein i framtida, var noko av det han brukte taletida si på.

Meir om 17. mai-feiringa på Hareidlandet vert å finne i torsdagsutgåva av Vikebladet Vestposten.

Leik står sentralt hos ungane på nasjonaldagen. Her ved Bigset skule. Foto: Iselin Nevstad Øvrelid
Barnetoget i Haddal gjekk på føremiddag. Foto: Jorulf Myrene