Det melder Samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Løyvingane skal mellom anna gi ny veg frå Grodås i Hornindal kommune til Geitvika i Volda kommune. I tillegg skal pengane gå til andre delar av vegprosjektet, herunder fire tunnelar, to bruer og 1,5 kilometer gang og sykkelveg.

Kvivsvegprosjektet skal gi ferjefritt vegsamband mellom Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane, og er planlagt å stå ferdig i 2012.

Også andre delar av Europaveg 39 får løyvingar i statsbudsjettet. Desse går mellom anna til fullføring av eit fortau i Ørsta sentrum og oppstart av ei ombygging av Festøya ferjekai.

Møter både kritikk og rosRiksvegane i fylket er no lagt under fylkeskommunen sine budsjett, og får ikkje øyremerka middel i statsbudsjettet. KS er ikkje nøgd med løyvingane kommunene har fått til vedlikehald av vegnettet:

- Fylkeskommunene har overtatt 17000 kilometer veg med til dels svært dårleg standard, og blir ikkje kompensert for kraftige kostnadsauker til vedlikehold, skriv KS i ei pressemelding.

Direktør i Statens Vegvesen, Terje Moe Gustavsen, seier til NPK at regjeringa vil stoppe forfallet i det norske vegnettet med dette statsbudsjettet.

Framtiden i Våre Hender er sterkt kritiske til auka pengemidlar i vegsektoren. Dei meinar løyvingane burde vore halverte, for å stoppe auken i klimagassutslepp og anna forureining.

Auken i løyvingar til drift og vedlikehald i samferdslesektoren i Norge er på til saman 1,5 milliardar kroner.