Hingsteutstillinga på Eid har lange tradisjonar. Den første helga i mai møtest alle fjordhestfolk frå heile landet for å kjempe om å få hingsten sin kåra - og draumen er å stå spiss i treårsklassa. Hingsteutstillinga startar torsdagane med veterinærundersøking. Så følgjer lausmønstringa der ein skal sjå på rørslene i skritt, trav og galopp. Nytt for året var ei testløype som hingstane skulle gjennom. Men denne løypa var ikkje teljande i år. Fredag var det samla mønstring med eksteriørvurdering av kvar enkelt hest, pluss køyreprøve. Og laurdag var den store finaledagen med samla mønstring, premieutdeling og kvalitetsoppstilling. Det er eit lite nålauge å kome gjennom, og det er svært få som gjer det. I år var totalt 41 hingstar påmelde, av desse var 23 treårshingstar. Etter å ha "kasta" den eine hingsten etter den andre stod ein igjen med sju treårshingstar, som er den nye garde med hingstar som skal få lov til å prøve seg i avlen. Og på den gjævaste plassen stod ein liten hest frå Haddal. Svoras Isak er oppdretta av Kristin Myrene, Ringstaddalen og eigd av Kristin Myrene saman med Even Myklebust frå Ørsta. Myklebust var også utstillar av hingsten på Eid. Svoras Isak var fødd nedst på Moldskred ein junidag i 2006. Mora er Løkkelin og faren er den tidlegare lagshingsten til Ørsta og Volda Fjordhestlag, Hermanto. Hingsten har gått på Svora frå han vart fødd til oktober i fjor. Då tok Even Myklebust han til Ørsta for trening og klargjering til hingsteutstillinga på Eid. Svoras Isak fekk desse flotte poenga: Rasetype og preg: 10. Kropp: 9. Bein: 8. Rørsler: 9. Heilskap: 9. På køyreprøva fekk han 43 poeng og dette var den beste poengsummen. På lausmønstringa fekk han Skritt 9, Trav 8 og Galopp 8.
Nyhende →
Noregs beste 3-års fjordhingst er frå Haddal
Under hingsteutstilling for fjordhestar på Nordfjordeid i helga vart Svoras Isak med oppdrettar Kristin Myrene frå Haddal kåra til Noregs beste treårs fjordhingst 2009.