På nettsidene til Sjøborg kulturhus i Ulstein blinkar det i kjende artistnamn på nyåret. Det blir konsertar med alt frå Rita Eriksen og Vamp, til Terje Rypdal, Ronny Le Tekrø og Mads Eriksen og Det Norske Kammerorkester, for berre å nemne nokre. Revy er det Astrid Overå (“Tar hele kaka”) og Ingrid Bjørnov (“Til Elise”) som står for. For dei minste blir det teater med Pippi Langstrømpe og Ronja Røverdatter, og dei vaksne får vitjinga av Riksteateret med “Andvake” av Jon Fosse og Teatret Vårt med “Invasjon”. Det startar opp i januar med SUFH-musikal og Nyttårskonsert med ULF og Hasund og Dimnøy Ungdomsmusikkorps. Heilt på tampen av månaden blir det Ungdommens Kulturmønstring (UKM) og revy med Astrid Overå, før det dunkar i veg med “Hjerteslag” av Rita Eriksen i februar. Mot slutten av månaden vert det arrangert portugisiske dagar på kulturhuset, med fadokonsert laurdag 21. I mars tetnar programmet til. Sju konsertar og teaterstykke er førebels sett opp på programmet. Vamp dukkar opp laurdag 28. mars. Programmet med artistomtale er å finne på nettsida www.sjoborg.no. Her finn vi arrangement ved kulturhuset fram til 16. mai. HERØY KULTURHUS Ved Herøy kulturhus er ikkje kulturtilbodet lagt ut på nettet enno, men dagleg leiar Olav Kvalsvik kan fortelje om eit tett program i mars. I januar er det førebels blankt, men i februar er det UKM og barneteater med “Ole Brumm” som står på programmet. I mars finn vi regionale og lokale arrangement som “Eiksundsamklang”, “Herøyfestival” med Herøy Janitsjar og “Fylkeskappleik” med Havella og Herøy kulturskule. Kulturhuset arbeider også med å plotte inn kulturinnslag med nasjonalt kjende namn. Dagleg leiar Olav Kvalsvik fortel at det no er innleia eit samarbeid med dei andre kulturhusa i regionen. – Det er for å tilpasse program vårt med programmet til kulturhusa i Ulstein og Ørsta. På den måten kan dei kommunale kulturarrangørane unngå kulturkrasj, ved at dei ikkje set konkurrerande arrangement på same dato eller konsertar med dei same artistane tett etter kvarandre. Slik kan ein sleppe å oppleve tome eller halvtome konsertlokale. – Ein kan i teorien ha arrangement 365 dagar i året, men det spør om det er folk til alt, meiner Kvalsvik.