Inge Eidem har kjøpt garden til Stig Magne Roppen. Den 1. desember i år vedtok teknisk utval i Ulstein kommune samrøystes å gje Eidem konsesjon på bruket på Flø, stikk i strid mot tilrådinga frå landbrukskontoret og kommunalleiar for teknisk.
To gardbrukarar på Flø er avhengige av å leige tilleggsjord på dette bruket som Eidem no kjøper. Eidem har sagt at dei skal få halde fram med å leige denne jorda, men det er ikkje nedfelt som vilkår i konsesjonsvedtaket.
Ønskjer å kjøpe jorda
Håvard Roppen, som er ein av dei to omtalte gardbrukarane, klagar no inn vedtaket i teknisk utval. Han livnærer seg på heiltid som bonde med 35 storfe (mjølkeproduksjon). Gardsbruket hans er i minste laget for å kunne leve av det. Han ser at landbrukspolitikken legg opp til at bruka stadig skal bli større. Han har planar om å fornye/utvide driftsbygninga, men før han gjer det vil han vere sikker på at han har nok grasareal tilgjengeleg til dyra. Dei andre jordleigeavtalane han har er også usikre og munnlege. – Eg risikerer dermed å måtte leggje ned drifta om eg ikkje får nok areal til grasproduksjon, skriv Roppen.
– Eg meiner den beste løysinga i denne saka burde vere å skilje ut det konsesjonspliktige jordbruksarealet frå gardstunet, og selje det kvar for seg, skriv han til Vikebladet Vestposten.
På grunn av at det var usikkert kva som skjedde med jorda etter Eidem tok over, har Roppen sagt opp leigeavtalen med Stig Roppen, og leigd seg jord på eit anna bruk. Men den nye leigeavtalen er for berre fem år, noko som er kort tid i denne samanhengen.
Før det vart fatta vedtak sende landbrukskontoret ut brev til aktive gardbrukarar på Flø for å høyre om det var interesse for å kjøpe eigedomen som tilleggsjord. Både Roppen og Jostein Flø melde då ifrå om at dei ønskjer å kjøpe jorda som tilleggsjord til sine bruk.
– Eg har absolutt ingen ting i mot at Eidem etablerer seg på Flø, forsikrar Roppen, Han klagar for han håpar å få kjøpe jorda, då han treng jorda sjølv.