For snart ti år sidan engasjerte Marianne Overå og Hareid sanitetslag seg i mot at nattlegevakta for Søre Sunnmøre vart samla i Volda. Dei meinte at det vart langt å reise frå Hareid til Volda for sjuke folk.

No skal legevakta omorganiserast på ny. Tidlegare i august vart planane presenterte i Vikebladet Vestposten. Ingen ting er førebels vedteke politisk, men det blir foreslått at heile Søre Sunnmøre samlar seg i ein hovudbase tilknytt nattlegevakta i Volda, og ein satellittstasjon i ytre, anten i Myrvåg eller Ulstein.

Vikebladet Vestposten kontaktar Marianne Overå for å høyre kva ho tenkjer om dei nye planane.

– Eg synest eigenleg Myrvåg er beste løysinga for oss på ytre søre Sunnmøre. Det er heilt naturleg at legevakta blir lagt dit, seier Overå.

Å reise til Myrvåg er halve reisetida jamfør å reise til Volda, om ein reiser frå Hareid. Overå hadde gjerne sett at også legevakta på natta vart lagt til Myrvåg i staden for Volda. Det er berre slik ein kan oppfylle kravet om at pasientane får ei reisetid på 40 minutt. Ho synest det er langt for sjuke å reise frå Hareid til Volda på natta.

– Legevakttenesta må organiserast etter kva som gagnar sjuke folk best, så får legane organisere seg deretter, meiner Overå.

Ulike interesser

Ho minner om at sist legevakta vart omorganisert var det etter legane sine interesser, for dei ville gå færre vakter. Og dei vann fram.

Etter siste folketeljingane budde det 25 200 innbyggjarar i Ulstein, Hareid, Herøy og Sande. Overå meiner det bør vere mange nok menneske til å kunne ha ei skikkeleg legevaktteneste.

I staden for at kommunane skal bruke fleire millionar på å betre legevakta i Volda, synest ho pengane kan brukast til eit godt legevakttilbod i Myrvåg.

Flott med ambulerande lege

I framlegget til ny legevaktorganisering var det med ein ambulerande lege som skulle køyre heim på sjukebesøk til folk. Dette er ei ordning Overå har sansen for, men ho synest det blir eit veldig stort distrikt han/ho skal no over, med heile Søre Sunnmøre, om alternativ A som blir sett på som det beste alternativet vinn fram.

– Det overraskar meg at ein sjølvstendig, døgnopen legevaktstasjon i Myrvåg ikkje er med som eit alternativ blant vurderingane som no har vorte presentert som mest aktuelle. Det var jo nettopp denne modellen som var aktuell, opp mot legevaktordninga som vi har i dag, sist legevakta vart omorganisert. Eg vil tru vi sparer både tid og pengar om vi berre har ein legevaktstasjon å forhalde oss til og ikkje to, seier Overå.

Faksimile frå Vikebladet Vestposten 29. desember 2007. Sanitetsdamene i Hareid aksjonerte for å bevare legevakta på Hareidlandet. Dei ønskte ikkje nattlegevakt i Volda, men vann ikkje fram. Foto: Ingvild Aursøy Måseide