Siw Moldskred(56) jobbar på supplybåten Island Captain. I år skal ho tilbringe julaftan her. Julefeiringa i lag med borna og barneborna hadde ho før ho drog til sjøs.

Det er 18. desember, og båten ligg enno til kai i Esbjerg i Danmark og ventar på ordre om at sjøfarten skal starte. Til og med det sikre er usikkert i denne bransjen. Men det som er heilt sikkert, er at det vert jul i år, òg på sjøen.

Pynteansvarleg

- Her er det julestemning! fortel Siw Moldskred frå indre Elvaneset på Hareid. Ho jobbar med vask av lugarar, klesvask og å assistere kokken eller forpleiningssjefen. Dei har òg ansvar for pynting av båten. Ho har ordna med juletre, nissar og annan pynt, i lag med dei andre på forpleining.

- På julaftan er det vel middagen som er mest julete. Han startar halv seks, men ettersom alle har ulike vakter må vi ete litt på omgang, fortel ho. Ho held fram at det er mange ulike kulturar som samlast i messa denne kvelden. Dei får servert vanleg norsk julemat, og dei andre som jobbar på båten, dei som er frå Sverige til dømes, får litt av sin eigen juletradisjon.

Jul heime og tur på brua

Når det går mot kveld, går Siw og andre gjerne ein tur opp på brua til dei einslege to som sit der for å halde dei med lag.

-Dei skal sleppe å sitje der oppe åleine. Vi gjer det beste utav det! Oss forpleiningane har vakt frå sju til sju, og deretter går vi litt rundt og hjelper til med pynting, og så har vi litt julepakkar, seier Moldskred. Ho fortel at ho har vore på sjøen to eller tre julefeiringar, og passar på å feire julaftan med born og barneborn før ho reiser. I år vart julaftan lagt til søndag 11. desember.

- Eg er svært heimkjær, så då eg byrja på sjøen trudde eg at eg kom til å slite. Men det har vist seg å gå over all forventning. Det er jo for borna at vi feirar jul, så no er eg ferdig med pakkane og julenissen og alt i hop, smiler ho gjennom telefonrøyret.

- Det er verst før eg skal ut, fortel ho. Når ho står med sjømannssekken i handa er ho klar til dyst.

Uvér inga hindring

Supplybåten Island Captain har no 28 menneske ombord, informerer hovudkontoret til Island Offshore i Ulsteinvik. 16 av dei er vanleg mannskap, og resten er klientar og eventuelle lærlingar. Island Captain si hovudoppgåve er brønnstabilisering på plattformene. Dette gjer at mannskapet ikkje kan vere på jobb om bølgjene er for høge. Men Moldskred har berre vore fast tilsett på Island Captain i litt over to år, og var vikar på litt ulike båtar før dette. Ho har feira jul i hardt ver før.

- Når vi berre ligg på vent og ikkje får jobbe kan det verte heftig. Eg har vore med på ein tur der vi måtte halde fast både julepynt og anna, avsluttar ho og ler.

Forpleiningsassistentane Siw Moldskred og Anne Kristin Igesund (på biletet) har ansvaret for å gjere båten juleklar.