Litt før klokka halv fire natt til søndag, vart det meldt om at  fleire personar hadde roke saman i eit slagsmål i Fosnavåg og politiet rykte ut. Ti minutt etter melder dei at slåstinga er avslutta og at dei inviolverte partane har forlete staden.

Klokka fire stoppa politiet ein ung bilførar, også dette i Fosnavåg. I følgje politiet framstod mannen, som var i slutten av tenåra, som rusa. Han måtte difor avgi urinprøve. Det synte seg at denne var negativ og at den unge bilføraren ikkje var ruspåverka likevel.