Ulstein kommune og Ulstein helsestasjon kan juble etter gladmelding frå Oslo Universitetssykehus og Nasjonal kompetansetjeneste for amming. Dei er ammegod.
Oppfyller kriteriane
OUS og NFA har oppsummert og vurdert resultata frå brukarøndersøkingar ved Ulstein kommune si svangerskapsomsorg og helsestasjonteneste. Med dette kunne dei med glede stadfeste at tenesta oppfyller dei krava som er sett i "Ammekyndig helsestasjon". Det opplyser Ulstein kommune på si heimeside.
Frå Oslo Universitetssykehus si side, er hensikta med undersøkinga i svangerskapsomsorg å vurdere om den gravide har fått informasjon om amming gjennom samtale med jordmor.
– Vi ønskjer her å finne ut kva kvinna har fått ut av informasjoen, skriv OUS.
Skrivet er sendt til Ulstein kommune av Elisabeth Gahr Støre, på vegne av Nasjonal kompetansetjeneste for amming.
– Vi gratulerer våre dyktige medarbeidarar ved helsestasjonen, skriv Ulstein kommune til slutt.