Det er Møre og Romsdal som er byggherre for ombygginga av Sjøgata. Dei krev at prosjektet er fullfinansiert før det blir lagt på anbod. Dei krev også ein garanti for eventuelle overskridingar i prosjektet.

Fylket vedtok å ikkje løyve 23,5 millionar til ombygginga (som kommunen hadde budsjettert med at fylket skulle gjere), men 20 millionar. Den summen er endeleg.

Difor manglar det 3,5 millionar for at prosjektet er fullfinansiert, midlar fylket ber Ulstein kommune stille med.

Rådmannen seier ja

Rådmannen rår Ulstein formannskap til å gje eit tilsegn om at kommunen vil stille med inntil 3,5 millionar kroner til fullfinansiering av Sjøgata. Løyvinga skal berre nyttast om tidlegare løyvde midlar frå alle aktørar i prosjektet og dei 20 millionane frå fylket ikkje strekkjer til.

Kravet knytt til finansiering av evt. kostnadsoverskridingar vil ein ta op når ein har fått inn prisar på anbodet og kontraktssummen er kjend.

Ulstein kommune ber Statens vegvesen gjer det som er mogleg for å redusere kostnadene i prosjektet utan at det går kritisk ut over funksjonaliteten.

Saka skal opp i Ulstein formannskap tysdag 27. november, før ho går til endeleg vedtak i kommunestyret.