Dagleg leiar i Ulstein Marknadsforum, Svein Rødset, fortel at det kjem til å bli ein særs koseleg dag i sentrum. I dag laurdag vil det frå klokka 13 og utover bli gåande Luciatog i Ulsteinvik sentrum. – Luciatoget vil ha ein kjerne på rundt 50 stykk, men der er plass til veldig mange fleire, så alle som vil kan berre møte opp rundt Fredheim i Ulsteinvik, fortel Rødset. – Luciatoget vil gå gjennom heile sentrum og besøkje mange butikkar, legg han til. I tillegg til Luciatoget, vil også skulekorpset i Ulstein gå rundt. Dei startar klokka 12 ved samfunnshuset og vil stå ved sparebanken, Blåhuset, kulturallmenningen og bortover mot Amfi gjennom dagen. Dei som står bak dette er Ulstein Marknadsforum, som er butikkane i Ulsteinvik. – Vi gjer dette for å skape enno meir trivsel og røre i sentrum. Folk kan gjere anna enn å berre gå å kike, dei kan også få vere med på kjekke ting her i sentrum, seier Svein. – Det er viktig at folk trivst når dei besøkjer Ulsteinvik og vi håper at det kjem mange innom denne helga, fortel han vidare. Dei syngjande julenissane som var sentrum den 29 november vil også kome tilbake. – Julenissane kjem til å gå frå butikk til butikk den 18 desember frå klokka 19 og utover, avsluttar Rødset.