I fjor stupte ein syklist her. Utanfor Follestadhuset i Kjøpmannsgata på Hareid har Harald Sighaug henta fram tommestokken for å vise kor langt under asfaltnivået to gaterister ligg.
Sighaug har kome til ein avstand på ca 15 og nærare 30 cm.
– Livsfarleg for syklistar, meiner han og fortel at ei kvinne kom syklande her i fjor og køyrde seg rett ned i den eine rista. – Ho stupte over sykkelen og bort i nokre småtre som eg hadde planta. Ei stygg hending.
- Det som gjer desse ristene ekstra farlege, meiner Sighaug, - er at dei ligg i flukt med fortauet – og dermed midt i ei aktuell køyrerute.
Sighaug fortel at han har vendt seg til kommunen med tanke på å få løfta ristene opp til gatenivå, men utan å ha fått respons.
Om ikkje før, så er det opplagt at dette er noko kommunen må sjå på.
- Det skulle ikkje vere all verda å ordne dette, meiner Sighaug.