Mobilstasjonen Ulstein skal dekke Ulsteinvik sentrum, Ulsteinvik vest og verfta. Områda Haddal og Leikong vil få 4G-dekning frå mobilstasonen Håheim.

- Telenor gjennomfører eit radikalt løft for å sikre at nordmenn skal kunne surfe med mobilen overalt i Norge der Telenor har dekning. Det inneber ei omfattande utbygging og oppdatering av fjerde generasjons mobilnett, 4G i Norge. Per i dag har 9 av 10 av befolkninga i Norge 4G-dekning frå Telenor. Innan utgangen av året skal rundt 95 prosent i landet ha fått 4G, opplyser dekningsdirektør Bjørn Amundsen.

Målet er at Telenor skal vere dekningsleiande i Norge.

- Dagens raske utvikling med smarttelefonar og nettbrett stiller auka krav til mobilnettet, og med 4G tek vi eit viktig steg mot å auke kapasiteten, høgare hastigheit og betre surfeopplevingar. Vi byggjer ut mobilnettet raskare enn tidlegare estimert. I løpet av første kvarta 2018 vil 99,8 proent av befolkninga ha 4G-dekning frå Telenor, fortel Amundsen.