Herøy formannskap har sagt ja til at Ulsteinvik Bibelsenter skal få reservert ei tomt i Dragsund industriområde, skriv avisa Vestlandsnytt for Herøy og Sande.

Men ordførar Arnulf Goksøyr kom med motsegn. Han likar ikkje tanken på å få eit bibelsenter inn på industriområdet, trass i at administrasjonen vurderer bibelsenteret sine hensikter med tomta til å vere i tråd med gjeldande reguleringsplass. I tillegg ligg Møre barne- og ungdomsskule på andre sida av gata -

Industriell utvikling i Myrvåg

- Dette området er regulert for industri og næring. Vi gjorde eit unntak for Møre barne- og ugndomsskule. Myrvåg vil ha ei industriell utvikling i tida som kjem, og vi snakkar mykje om at vi må finne nytt areal for å imøtekome framtid vekst. Eg er ganske direkte på at dette ikkje er den typen aktivitet vi har regulert området til. Eit bibelsenter har ingenting med industri å gjere, sa ordføraren.

Ulsteinvik bibelsenter heldt tidlegare til på Vikholmen i Ulsteinvik. Men andre har tatt over huset, og bibelsenteret leiger no lokale andre stader.