Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven har med den signerte avtalen ein intensjon om å danne ein ny felles kommune frå 1. januar 2020, og kommunenamnet som har peika seg ut til no, før ein eventuell namnekonkurranse, er Runde kommune. Målforma blir nynorsk.

Kommunane har i dag eit godt og omfattande interkommunalt samarbeid, men i intensjonsavtalen meiner kommunane ein får nye moglegheiter og gevinstar. Mellom anna ved betre politisk samordning, strategisk og administrativ styring, større samla innovasjonskraft, kostnadseffektivitet og solide fagmiljø.

Les intensjonsavtalen her. (Ekstern lenkje).

Mest attraktive kommune

Dei fem kommunane har også ein visjon om at ein ny storkommune skal vere den mest attraktive å busette seg i på Sunnmøre, med sunn økonomi og effektiv drift, og fokus på å betre infrastruktur, kollektivtilbodet, næringsutvikling og mykje anna.

– Vi skal vidareutvikle kommunen som global spydspiss for havbasert verdiskaping, står det også å lese.

Ein er elles opptekne av at både små og store tettstadar og bygder skal bestå, men erkjenner også at sentralisering, demografi og manglande tilflytting vil vere ei utfordring i tiåra som kjem.

Runde kommune skal også ta rolla som ein leiande regional samfunnsutviklar, vere eit kraftsenter for IKT og teknologi og yte gode tenester til innbyggjarane.

Av konkrete tiltak blir utbygginga av Hafast, Sande fastlandssamband og Rovdefjordsambandet framleis jobba med, kollektivtilbodet må styrkast, fokuset på å skape arbeidsplassar og næringsutvikling skal haldast oppe og ei styrking av dagens handels- og tettstadar skal ein halde fram med.

Kommunesenter i Myrvåg

Som kjend frå før skal kommunesenter og rådhus leggjast til Myrvåg. Runde kommune vil bli ein stor arbeidsplass, med rundt rekna 2.500 tilsette.

– Kommunen skal ha ein tydeleg, raus og inkluderande arbeidsgjevarpolitikk, står det å lese i intensjonsavtalen.

I Myrvåg vil ordføraren, rådmannen og rådmannen sitt leiarteam, samt andre strategiske stabsfunksjonar vere lokaliserte.

Andre fagstillingar og stabsfunksjonar skal så fordelast mellom dei andre kommunedelsentra. Basistenestene blir i hovudsak plasserte som i dag.

Lokaldemokrati og økonomi

Med ei ny, større kommune vil det også bli utfordringar knytte til nærdemokratiet. Etter formannskapsmodellen vil Runde kommunestyre i første periode ha heile 47 medlemmar, og formannskapet 15.

– God lokal forankring i ei større kommune krev at ein politisk og administrativ er aktiv overfor innbyggjarane.

Difor er tanken å etablere kommunedelutval, med direkte val.

No veit ein også godt at spesielt Ulstein tek med seg ei solid gjeld inn i den nye konstellasjonen, og i intensjonsavtalen for Runde kommune er det mellom anna difor nedteikna at den nye kommunen skal ha ein sunn økonomi, utan eigedomsskatt. Alle fem kommunane skal dessutan levere positive driftsresultat og arbeide med omstillings- og effektiviseringsprosessar.

Fellesnemnd og involvering

Etter at Stortinget har gjort endeleg vedtak på kva for kommunar som skal slåast saman våren 2017, skal det opprettast fellesnemnder i dei nye kommunane. Desse blir sett saman av minst tre medlemmar frå kvar kommune, og etter Inndelingslova §26 skal fellesnemnda ha ansvar for å samordne og førebu samanslåinga i perioden frå det endelege vedtaket og fram til samanslåing blir sett i verk 1. januar 2020.

Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven vil også høyre på innbyggjarane sine i prosessen fram mot ei eventuell samanslåing. Difor vil kommunane ha ei tett innbyggarinvolvering og koordinere tidspunkt for dette. Det skal difor gjennomførast innbyggjarhøyring/rådgjevande folkeavstemming innan 19. mai i år, i kvar av kommunane.

Omdiskuterte punkt

Det er derimot fleire punkt i denne avtalen som blei heftig debattert under forhandlingsmøta i forkant av signeringa onsdag denne veka.

Forutan at Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr lanserte Rundøy som eit alternativ til nytt kommunenamn, var det også fleire punkt både han og Ulstein-ordførar Knut Erik Engh ikkje var heilt samde kring. Om dette vil få følgjer for vidare samarbeid mellom kommunane vitast ikkje, men at det framleis finst skjær i sjøen, det er det ingen tvil om.