Sparebank 1 Søre Sunnmøre har lånt ut om lag 430 millionar kroner til den utsette offshorenæringa, men har budd seg på å ta tap, skriv Mørenytt:

- Vi er tilfredse med dei restruktureringane som går føre seg og som blir gjennomført, seier administrerane direktør Stig Brautaset i Sparebank 1 Søre Sunnmre.

Etter brottsjøen i offshorenæringa har fleire reiarlag vore/er på randa av konkurs. Havila er blant dei reiarlaga som vart redda i tolvte time. Dei fekk på plass ein avtale med kreditorane sine måndag.

- Utlåna banken har til offshorenæringa eller offshorerelatert næring utgjer berre 4 prosent av dei samla utlåna våre. Vi er nøgde med dei restruktureringane som går føre seg, eller er gjennomført i næringa, seier Brautaset til Møre-Nytt.