Badegjestane stod i kø då Sunnmørsbadet opna dørene i dag, skjærtorsdag. Dagleg leiar ved badeanlegget, Karl Petter Sortehaug, fortel at dei badande kjem frå heile Nordvestlandet, frå Ålesund og Giske i nord til Måløy og Stryn i sør. Og sjølvsagt frå Ulstein og Hareid.

- Besøket i dag har vore nesten heilt ubeskriveleg, fortel Sortehaug. Rundt 1500 besøkande reknar han med har vore innom Sunnmørsbadet i løpet av dagen.

- Vi var heldige med vêret! Dersom vêret ikkje ser ut til å bli særleg bra, slik som i dag, tek folk turen til badeland i staden, seier Sortehaug. Han merkar seg at særleg folk frå indre strok har tatt til å bruke badet.

Då badeanlegget stengte for rundt to år sidan for å setje i gang det omfattande ombyggingsarbeidet, var ein framleis nøydd til å betale bompengar for å køyre gjennom Eiksundsambandet. No er sambandet gratis, og det veit nordfjordingane tydelegvis å nytte seg av.

Besøket har vore godt heilt sidan Sunnmørsbadet opna dørene 16. mars, men altså med ein ekstra besøkstopp i dag. Det har stort sett gått greitt å ta hand om dei store mengdene med badegjester, men Sortehaug medgir at garderobekapasiteten til tider har vore litt liten.

I helgane er det særleg småbarnsfamiliane som kjem for å hygge seg i plaskebasseng og rutsjebane, medan treningsbassenget er meir brukt på vekedagane.

Det vidare besøket i påska trur Sortehaug vil vere avhengig av vêret.

- Vert det dårleg vêr kan vi sjå fram mot godt besøk i Sunnmørsbadet, spår Karl Petter Sortehaug.

Sunnmørsbadet har hatt bra besøk heilt sidan dei opna dørene att 16. mars, etter å ha halde stengt i nesten to år. Foto: Britt Opsahl Myrene