Rolls-Royce Marine fekk Merket for god design produktet Icon DP, ein applikasjon som blir brukt for å halde skip på same posisjon.

Gjennom fleire år har Rolls-Royce utvikla applikasjonar til bruk på skipsbrua, som gjerne skal kunne koplast til ulike system frå samarbeidspartnarar. Etter kvart sat selskapet med svært mange ulike løysingar for styring. Selskapet samla seg derfor bak ein visjon om å skape og selge ei heilskapleg Rolls-Royce-bru.

Eggs Design vart henta inn for å lage eit grafisk rammeverk som kunne skalerast for å passe til dei ulike applikasjonane og ta omsyn til informasjonsmengda og behovet for informasjon til ei kvar tid. Dei starta ein brukarstyrt designprosess der dei observerte arbeidsrutiner om bord og brukartesta ulike konsept.

Resultetet vart ein redesigna applikasjon med ei rekke nyskapande grep.

Den første leveransen av Icon DP gjekk til Stril Luna, eit forsyningsskip i offshorebransjen som er eigd av Simon Møkster Shipping.

Visuelt fint innpakka reker

Også Coldwater Prawns of Norway fekk Merket for god design.

Gjennom ein mannsalder har havfiskeaktørane Remøy, Arctic Swan, Olympic Prawn og Nordøytrål fiska kaldvassreker i norske farvatn. I seinare år streva dei alle med å få god pris og omsetning på varene sine. For seks år sidan gjekk dei derfor saman i eit felles sals- og marknadsføringsselskap med base i Ålesund; Coldwater Prawns of Norway.

- Det vart starten på ein ny æra. Vi starta med å flytte alt sal frå heimemarknaden over til eksportmarknaden. Sidan har vi auka omsetninga frå 15 millionar til over 439 millionar kroner. Eit solid bevis på at vi har lykkast med marknadsstrategien, kommenterer direktør Knut Helge Vestre.

Vestre opplyser at deisignbyrået Kind frå Bergen har vore med heilt frå starten. Dei har utvikla visuell identitet, pakningsemballasje og marknadsmateriell tilpassa eksportmarknader i Asia, Europa og USA.

- Design har vore eit viktig verkemiddel som har skilt oss ut i ein konservativ bransje og gitt resultat i form av varig, lønsam vekst, seier Vestre.

Coldwater Prawns of Norway har fått Merket for god design for innpakninga si.