Politiet på Sunnmøre melder natt til onsdag på Twitter at dei hadde fått tips om "burning" ved Hareid ferjekai.

Ifølgje politiet er det kjenningar som har drive med burninga, som skal ha vore til stor sjenanse, men då politiet kom til staden var det roleg i området.