Den Store Batterijakta er over for denne gong, og 4. klassetrinn ved Ulsteinvik barneskule har gjort ein fantastisk innsats og samla inn heile 403 kilo batteri til gjenvinning! Dei har mellom anna samla inn batteri hos familie, naboar og på jobben til foreldra. Den Store Batterijakta er ei nasjonal kampanje og konkurranse som har som mål å få born interessert i og bevisst kjeldesortering av batteri – Alle batteri skal gjenvinnast!

4 A, B og C var denne veka på besøk hos SSR der dei fekk levere inn batteria som dei har samla inn. Her fekk dei også ei omvising på anlegget der dei fekk lære meir om kva som skjer med avfallet etter at det kjem inn til SSR.

Det er alltid kjekt å ta imot og besøke born og unge ute på barnehagar og skular. SSR ser også stor verdi i kampanjar som er retta mot born og unge då denne målgruppa både viser engasjement og interesse for kjeldesortering og korleis ein på best mogleg måte kan ta vare på miljøet og naturressursane. Dei har dessutan stor påverkingskraft på dei vaksne!

- Eg trur ikkje disse 4. klassingane vil tillate at batteri blir kasta i restavfallet heretter, seier Linn Urke Osnes i SSR.