Naudetatane var rask på staden og sløkte brannen. To nabohus vart evakuerte, men det blir ikkje meldt om personskadar. Dei evakuerte kunne returnere til husa då brannen var sløkt.

Det er førebels ukjent kvifor det starta å brenne i garasjen. Saka blir etterforska av Ørsta og Volda lensmannskontor, melder Sunnmøre politidistrikt.