Domsavseiinga i Ulstein-saka tok til 14.00 fredag ettermiddag.

Ein 26 år gamal mann er tiltalt for å ha tatt livet av Preben Mikael Dimmen i oktober i fjor.

I samband med rettsaka i Sunnmøre Tingrett  tidlegare i mars, kravde aktor Jogeir Nogva 16 års fengsel, medan forsvarar Torgeir Langva bad om fengsel i sju år.

Rettsmøtet i Sunnmøre tingrett vert leia av sorenskriver Kirsti Høegh Bjørneset.

Må i fengsel i 15 år

Dommaren byrjar ifølgje Smp.no med domsslutninga.

Tiltalte blir dømt for etter paragraf 233, første og annet ledd og 229, til fengsel i 15 år.

Han blir og dømt til å betale erstatning på 200.000 kroner til kvar av foreldra til Preben Mikael Dimmen.

Tiltalte er ifølgje Smp.no også dømt for ei valdsepisode mot Dimmen nokre dagar før drapet.

Dommaren er einig med aktor sin påstand, men straffa er eit år kortare enn aktor ba om.