Framstegspartiet sa seg bekymra over at kommunen skulle halde fram med å ha utgifter på skuleområdet i Brandal. Perny-Ann Nilsen peikte på dei løysingane som hadde vore for dei nedlagde skulane i Eiksund og Dimna. Slike løys-ingar måtte det gå an å få til for Brandal også, meinte ho.

Partifelle Truls Håbakk sa det slik: – Målet må vel vere at vi får denne skulen ut av verda. – Ikkje vondt meint, føya han til.

Det springande punktet er tippemidlane som er knytte til gymnastikksalen. Reglane seier at ein ikkje kan selje eller gi frå seg slike anlegg før etter 40 år, utan å måtte kvittere ut tippemidlane.

Lykkast initiativet, vil gymsal og skulekjøkken halde fram i kommunal drift, medan Brandal friskule og ev. velforeninga får eit ansvar for resten av anlegget. Løysinga vil gi seksjoneringskostnader på 5-600.000 kroner, vart det hevda.